Klokke, kalendar og kjærleik


Det fins mange bøker som formidlar god livsvisdom. Ei av dei eg stadig leitar fram, er ”Den lille prinsen” av Antoine de Saint-Exupéry. På ein finurleg måte gir forfattaren oss innputt til refleksjon. Som når han skriv om kjøpmannen som sel vidunderpillar som kan slukke tørsten. Hvis ein tok ein pille i veka, behøvde ein ikkje drikke meir.

Kvifor sel du dei spør den lille prinsen.

Dei er veldig tidsbesparande, sa kjøpmannen. Vi har hatt ekspertar til å rekne det ut for oss. Ein sparer toogfemti minutt i veka

Kva skal ein bruke dei toogfemti minutta til då?

Til kva ein vil.

Ja, hvis eg hadde toogfemti minutt til overs, så ville eg bruke dei til å vandre til ei kjelde i ro og mak, sa den lille prinsen.

Det har blitt så moderne å snakke om TIDSKLEMMA. Folk rekk ikkje alt dei skal eller vil.

Verst skal det vere for småbarnsforeldre. Jaget mellom jobb og familieliv utarmar. Folk blir slitne. Før var heimen ein arena der ein kunne vere til stades, koble av og gjere kvar sine ting. Nå er også familielivet tidkrevande, fordi vi skal ha så mange aktivitetar, åleine eller i lag. Kalendaren er full. Alt skal planleggast og koordinerast. Det går opp i henting og bringing, avtalar her og aktivitetar der.

Vil vi ha det slik? Ynskjer vi å bli styrt av klokke og kalendar? Dei fleste vil svare nei, men likevel er det vanskeleg å få til endring. Alle har det likt. Ein blir klemt ihel, av tida, eller mangel på denne.

Ville ein pille som tok vekk tørsten hjelpe? Toogfemti minutt ekstra i veka kunne saktens vere fint. Men kva skulle eg brukt minutta til? Kanskje måtte eg som den lille prinsen reflektere litt over livet. Finne ut kva som verkeleg var viktig for meg. Kven ville eg ha gitt dei minutta til? Og kven skulle ha gitt meg dei minutta eg treng? Kanskje ingen annan enn eg sjølv? For kanskje er det slik med dei viktige tinga, at skal dei få plass i livet må eg prioritere? Kanskje kan klokke og kalendar litt oftare vike plassen for romsleg og gavmild kjærleik, der eg viser menneske rundt meg at eg har tid for dei?

Så kanskje er tidsklemma berre noko tilgjort, for døgnet har vel like mange timar no som før ?

Familieterapeut Steinar Rishaug

Knut Lyngseth

Sjømannsprest | Familieterapeut | Veileder

https://www.lyngseth.net
Neste
Neste

Vi elskar kvarandre, men.....