Vi elskar kvarandre, men.....
Å vere familieterapeut er innimellom å møte menn og kvinner som er usikre på om dei lenger elskar den andre. Mange er redde for at dei har begynt å gå lei. Tida syns å ha arbeidd imot dei. Spenninga er borte, forelskelsen er berre eit fjernt minne, og seksual-livet fungerer i beste fall som eit traurig pliktløp. Men like fullt kan dei fleste på direkte spørsmål svare: ”Jau, vi elskar kvarandre, men..”
Mange av oss er flinkare til å dvele ved sorger enn å fokusere på gleder. Slik også i par-relasjonen. Vi er innimellom spesialistar til å fylle det indre ”minnekortet” vårt med den andre sine feil og manglar , skeive ord eller sårande kommentarar, likgylde eller uinteresse. Snart har vi ”kommentarboka” full av alt som skulle ha vore annaleis, mest med den andre, minst med meg sjølv. Og samtidig kan vi sei: ”Jau, vi elskar kvarandre, men…”
I ei dansk fjernsyns-serie som gjekk på norsk TV i vinter, strevde paret Nikolaj og Julie både med seg sjølve og den andre. Dei skilte lag, men fann tilbake til kvarandre. Ein slags ”happy ending” i episode sju! Nikolaj sin sluttreplikk fortener ein refleksjon: ”Det er det eg alltid har sagt om kjærleiken: Fordi om ein snublar litt i starten, er det ingen grunn til å gi opp”.
Å elske betyr å kjenne noko godt for eit anna menneske. Men ”å elske” er meir enn berre ein brusande følelse. Å elske betyr også å ville noko, saman med og for den andre, i gode og vonde dagar slik det framleis blir understreka i vigselsritualet. Ein kan snuble litt, både i starten og undervegs, men det er ingen grunn til å gi opp. Kjærleiken er både langmodig og oppofrande, han søkjer ikkje sitt eige og gøymer ikkje på det vonde.
”Vi elskar kvarandre, men…” Allereide med eit slikt utgangpunkt kan vi vere på ville vegar. Av og til kan tilbakemeldingar og korrigeringar vere nyttige, spesielt hvis den andre har bedt om det. Men ”skattejakt” på andres feil gir sjeldan gevinst. Leitar vi etter manglar, finn vi dei alltid. Og etter som åra går blir vi også i par-relasjonen meir og meir langsynte og mindre og mindre sjølvkritiske: Eg trur eg ser tydlegare og klarare alt som bør endrast hos den andre, og mindre det som har stagnert hos meg sjølv.
Då er eg ved kjernen: Eg kan velge å fokusere på feila og manglane og alt blir til slutt galt. Eller eg kan velge å fokusere på dei gode opplevingane, den sitrande gleden, den vesle oppmuntringa, det gode smilet, den varme omtanken, det kjærlege blikket og den opne famnen. Då kan eg sei ”Eg elskar deg” utan forbehold, fordi eg opplever å bli elska.
Familieterapeut Steinar Rishaug